Andrej Fursov, strategisk analytikar, sosiolog, historikar m.m. ved det russiske vitskapsakademiet i Moskva, les dagleg seksti (unemnde) vestlege publikasjonar i arbeidstida. Det har han gjort sidan 1970-åra og kan i Pravda slå fast at dei alle, frå 1990-åra av, tok til å syngja den same melodien. Journalistikken i Vesten, slår han fast, har forfalle til propaganda.
No er Russland offer for denne samkøyrde, vestlege propagandamaskinen, som òg femner om Facebook, Twitter og internett generelt, ei kraft Russland vantar våpen til å møta i ope lende. Difor må russarane gjera det dei gjer best, meiner Fursov, og retta det psykologiske skytset sitt innetter, sikta inn mot det Fursov kallar «femtekolonnistane».
Femtekolonnistane er lette å kjenna att, seier han: «At ein borgar kritiserer urett i samfunnet sitt, er framifrå. Men når han eller ho tek ein posisjon som er i samsvar med den til utanriksdepartementet i Washington, då veit me at dette ikkje er ein aktivist eller opposisjonell. Det er ein medlem av femte kolonne.»
Dette er kloke ord, må sjefredaktøren i Pravda, Inna Novokova, meina ettersom ho ikkje byd intervjuobjektet sitt motstand. For oss er orda mest interessante av di me kjende dei så vèl att frå den andre sida av kloden, via det kontinentale nyhendebyrået Telesur, som er styrt av den sitjande regjeringa i Venezuela, som igjen forsyner store delar av Latin-Amerika med nyhende. Alle med same brodd mot USA (og Nato).
Endå så ulike Putins Russland og Alba-landa i Latin-Amerika og Karibia elles er, så syng altså statlege medium av same bladet, reinast, sjølvsagt, der alternative røyster er effektivt kjøvde.
Og likevel kjennest det som om mannen i Pravda har eit poeng. Vestlege medium er meir einsretta no enn før dei blei avideologiserte. Ingen tyrann forlangar det av oss, me kan velja stoffet vårt, staben vår og profilen vår fritt – så lenge berre abonnentane vil betala oss for umaken, annonsørane annonserer, og pressestøtta ligg fast. Av fri vilje kan me følgja flokken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.