Det handlar om folkestyre
Kommunereforma har vore undervegs så lenge at prosessen byrja å minne om eit brettspel på noregskartet. Tysdag vart det alvor. Da fekk vi vite at regjeringa vil redusere talet på norske kommunar frå 428 til 358, og vil tvinge 13 kommunar til å slå seg saman. I mange av desse er motstanden mot samanslåing sterk.
Det er ikkje berre endringsvegring som gjer mange skeptiske til samanslåing. Ei rekkje undersøkingar viser at folk er meir nøgde med dei offentlege tenestene i små kommunar enn i store. Og i små kommunar er engasjementet i lokalpolitikken større og kontakten med politikarane og administrasjonen tettare. Folk veit at større einingar tyder lengre veg til makta for dei fleste. Kjensla av avmakt aukar med avstanden.
Kommunestrukturen i Noreg er ikkje naturgjeven. Om folkefleirtalet seier ja til kommunesamanslåing etter ein open, fri debatt som får fram fordelar og ulemper, er det heilt fint. Men med det økonomiske presset for samanslåing som regjeringa la inn i inntektssystemet for kommunane i fjor, stod ikkje folk lenger like fritt til å velje. Det var utpressing. Og når kommunar no blir slegne saman med tvang, er det òg grunn til å tru at motivasjonen for omstillinga blir veikare og resultatet dårlegare.
Høgre og Frp har lenge vore innstilte på å tvinge gjennom samanslåingar. Men tvangen blir berre mogleg ved hjelp av Venstres røyster i Stortinget. Og det er trist at eit parti med slike liberale og demokratiske tradisjonar har gått med på dette. I partiprogrammet heiter det mellom anna: «Venstre vil styrke det lokale selvstyret og gi folk økt innflytelse over egen hverdag».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.