Det gløymde massedrapet

Publisert Sist oppdatert

I det dette vert skrive, kjem rapportane inn frå Irak. Folk har byrja å døy av torste i Sinjar-fjella i Nord-Irak på grensa til Kurdistan. Ingen veit kor mange som er stranda i fjella, rapportane seier alt frå 10.000 til 200.000, men faktum er at desse menneska er omringa av styrkar frå det nyskipa kalifatet, Den islamske staten (ISIL).

Menneska vart jaga frå nærliggjande landsbyar i helga. Synda deira er at dei ikkje er bokstavtru sunnimuslimar. Dei høyrer i hovudsak til sekta yazidi, som er ei blanding av zoroastrisme, islam og kristendom. Det er ei sekt som ikkje tek opp nye medlemer, som ikkje driv misjonering og som så godt som råd er, held seg for seg sjølv. Problemet er berre at zoroastrisme vert fordømt i Koranen, difor vil ISIL drepa alle. Det er all grunn til å taka trugsmåla på alvor. Sunnimuslimske ekstremistar har drepe mange sidan invasjonen av Irak, men berre ISIL har systematisert drepinga.

Det grunnleggjande problemet er sjølvsagt islamismen, men det er liten tvil om at ISIL har kome som ein direkte konsekvens av invasjonen av Irak og bombinga av Libya: Det fyrste destabiliserte Irak, det andre destabiliserte Midtausten og særleg Syria, der ISIL har sitt utspring.

ISIL er ein liten styrke, truleg er det ikkje meir enn 12.000 mann, der halvparten visstnok er herda krigs­veteranar og halvparten fanatisk ungdom frå Europa og omliggjande land. Likevel har dei no fått kontroll over eit område som er større enn England og har katastrofalt nok også fått kontroll over den enorme Mosul-dammen, «den farlegaste dammen i verda», om vi skal tru det amerikanske ingeniørkorpset. Ryk dammen, vil heile Mosul verta vaska bort, og mykje av Bagdad vil hamna under vatn, og hundretusenvis av menneske kjem til å døy og millionar verta drivne på flukt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement