JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Der ingen tek koronatelefonen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1607
20200814
1607
20200814

Så hende det som alle andre enn byrådet i Oslo lét til å ha sett kome: Talet på covid-19-smitta er i sterk auke. Uroa og/eller febrile borgarar som ringjer den kommunale koronatelefonen for å tinga seg ein test og eventuelt hjelpa til med smittesporing, får ikkje svar.

Av dei 5300 som ringde koronatelefonen i Oslo førre laurdag, fekk berre 360 svar, vedgjekk leiaren for koronatelefonen i Oslo, Stine Eugenie Hansen i Aftenposten. Ein prestasjon i offentleg krisehandtering som nær kallar fram fortrengde bilete av ein overlest raud gummibåt på Tyrifjorden i 2011.

Smitteauken kjem med større reiseaktivitet, som regjeringa har opna for, og med sviktande dugnadsånd mellom folk, gamle som unge som ikkje held avstand.

Har ålmenta gløymt at dette er ein farleg sjukdom, ein sjukdom som til no har råka meir enn 20 millionar menneske og har teke tre kvart millionar liv? Kan hende, for det er særs menneskeleg å fortrengja slikt. Men byrådet i det norske episenteret for covid-19-smitte har ikkje lov til å gløyma, teia eller svara tull og tøys i hytt og vêr når innbyggjarar ringjer og ottast for livet og helsa.

No lovar byrådsleiar Raymond Johansen bot og betring, og vonleg vil fleire få hjelp frå kommunen i tida som kjem. Han lovar fleire drop-in-stader for testing, betre bemanning, oppsøkjande verksemd og betre informasjon. Han syner kort sagt ei påfallande handlekraft etter at den kommunale koronahandteringa i veka som gjekk, fann vegen til avisene.

Når byrådet har feia for eiga dør, kan det lyfta peikefingeren mot borgarane i byen og vona å bli høyrt.

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis