Den viktige tilliten

Publisert

Det norske samfunnet har på imponerande vis følgt opp råda og instruksane frå regjeringa for å hindra spreiing av koronaviruset, mykje takk vera stor tillit mellom styrande og styrte, eit avgjerande kjenneteikn ved eit godt demokrati.

For å sikra denne tilliten framover er vi avhengige av at regjeringa og Stortinget klarer å handtera dei store utfordringane som restriksjonane fører med seg. Vi veit til dømes at born med valdelege foreldre no er særleg utsette. For desse er det avgjerande at vi får i gang att barnehagane og skulane så snart det er forsvarleg.

Dessutan er tilliten til styresmaktene avhengig av at alle dei pengane staten no skal bidra med til næringslivet, går til å dekkja underskot og naudsynleg drift, ikkje til utbyte.

Då er det ikkje nok berre å oppmoda verksemdene om moderasjon, slik regjeringa og stortingsfleirtalet legg opp til. Det bør stillast klare krav og leggjast ned forbod mot utbyte i selskap som tek imot økonomiske krisepakker frå staten.

I tillegg bør alle verksemdene som får støtte, som ei viktig symbolsk handling, kutta drastisk i leiarlønene. Høge leiarløner i ein slik situasjon er usolidarisk.

Kva med å leggja løna til statsministeren som mal? 1,7 millionar kroner i året burde vera nok for dei fleste. Særleg med tanke på at mange av yrka vi no endeleg skjønar er samfunnsberande og viktige, som butikkmedarbeidar og reinhaldar, er låglønsyrke.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement