Den viktigaste kvinnekampsaka
Kva er den viktigaste kvinnekampsaka i dag? Abortsaka? Hovudparolen i mange av 8. mars-toga i dag er nettopp abortsaka. Saka er sjølvsagt viktig i kvinnekampen, men ho vart vunnen alt i 1978 og er i røynda ikkje utfordra i dag.
Debatten handlar no om kva type abortar ein skal tillata etter kvart som ny teknologi stadig utvidar grensene for kva som er teknisk mogeleg å få til. Her bør ein vera restriktiv og ikkje la grensene verta for vide.
Ser ein på mange av dei andre parolane i demonstrasjonstoga landet rundt, omfattar dei altfor mange tema. Kva har parolar som «Kjerringer mot at EU skal styre strømmen – Nei til EU», «Riv murene – bygg bruer. For et fritt Palestina nå» og «Kvinner redder jorden – bevar Repparfjorden» i eit 8. mars-tog å gjera?
Dette er politiske ytringar om konkrete politiske saker som ikkje kan knytast direkte til kvinnekampen. Parolane er røysta fram av aksjonistar som medverkar til å splitta, snarare enn å sameina kvinnerørsla.
Langt meir samlande er parolen «Ja til flere minoritetskvinner i arbeidslivet». Å få innvandrarkvinner frå land i Midtausten, og andre land med eit tradisjonelt og konservativt kvinnesyn, ut i lønt arbeid er særs viktig. Her kan ein byrja med å avvikla kontantstøtta som medverkar til det motsette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.