LEIAR
Den viktigaste fridommen
«Først tok dei journalistane. Vi veit ikkje kva som skjedde etterpå.»
USAs president Donald Trump starta tidleg med forsøke på å byggje ned tilliten til den uavhengige pressa.
Alexander Drago / Reuter / NTB
«Først tok dei journalistane. Vi veit ikkje kva som skjedde etterpå.»
Denne vendinga, inspirert av etterkrigsprosa av den tyske pastoren Martin Niemöller, formidlar i kortform ei nærmast innlysande innsikt: For å verke i samfunnet på ein meiningsfull måte treng vi sannferdig informasjon. Samtidig skildrar vendinga typisk utviklinga av autoritære regime. Å kontrollere, fordreie og tåkeleggje informasjon – og strupe uavhengige nyhendekjelder – gjer det lettare for makthavarar å spreie sin eigen versjon av røynda, sann eller ikkje.
At statsleiarar med autoritære trekk skyr uavhengige røyster, er ikkje nytt. Derfor kan nye leiarar følgje eksisterande oppskrifter. I sanntid kan vi observere korleis ein president i eit demokrati, USA, prøver å «ta journalistane». Først ved å byggje ned tilliten til den redaktørstyrte pressa ved konsekvent å stemple stoffet derifrå som fake news. Deretter ved å utelukke den delen av pressa som ikkje hoppar når han seier hopp, frå eigne arrangement. No ved milliardsøksmål mot eit mediehus som The New York Times, for ærekrenkingar. Dette er ikkje ei utfyllande liste.
Symptomatisk for tida vi lever i, har regjeringa kalla den ferske nasjonale strategien for eit ope og opplyst ordskifte «Ytringsberedskap». I 2022 fastslo Ytringsfridomskommisjonen at det er svært gode vilkår for ytringsfridom i Noreg i dag. Kommisjonen peikte på at den digitale revolusjonen har ført til ei demokratisering av ytringsrommet, men samtidig ført med seg nye problem, som hard ordbruk og spreiing av feilinformasjon.
Ja, ytringsfridommen har gode kår i Noreg. Nettopp derfor er det viktig å debattere og styrkje han. Regjeringa gjer klokt i å leggje vekt på kunnskapsoppbygging – frå grunnskulen og oppover – framfor nye forbod.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.