JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Den vanskelege distriktspolitikken

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2009
20200821
2009
20200821

Statistisk sentralbyrå kom denne veka med ei framskriving av folketalsutviklinga i dei norske kommunane. Tala er ikkje uventa, men like fullt urovekkjande. 60 prosent av kommunane skal veksa, men i 140 kommunar forventar ein nedgang i folketalet kombinert med ein prosentvis auke i talet på eldre. Situasjonen er såleis alvorleg for mange bygder og småstader.

Bygde-Noreg gjer Noreg til eit meir mangfaldig land. Det er tale om lokalsamfunn med andre kvardagar og røynsler enn i mange sentrale strok, og desse bidreg til å styrkja erfarings- og meiningsmangfaldet i landet vårt. Noko vesentleg går tapt om vi svekkjer bygdene våre endå meir.

Problemet er sjølvsagt at det er vanskeleg å få til ein god distriktspolitikk. Årsakene til fråflyttinga er mange, og det finst ikkje eintydige svar på kva som er fornuftig å gjera innanfor rimelege økonomiske rammer.

Her er berre tre poeng: Eit stort problem for distrikta i dag er at statlege verksemder som universitet og høgskular, helseføretak, vegkontor og så bortetter har fått for mykje sjølvstende. Resultatet er at kvar og ein tenkjer snevert på seg sjølv og korleis dei kan omorganisera og få ned utgiftene sine – som då styret i Nord universitet i 2019 føreslo å leggja ned sjukepleiarutdanninga i Sandnessjøen og Nesna, og kraftig redusera i Namsos og Vesterålen. Då har dei gjort eit vedtak som sikkert er bra for universitetet isolert, men dei har ikkje teke omsyn til det overordna samfunnsansvaret som statsinstitusjonane bør ta.

For det andre bør ein gå bort frå ideen om at vi løyser distriktspolitikken med storstilte samferdsleprosjekt. Det har vore ei overdriven tru på at nye tunnelar og bruer er god distriktspolitikk. Bruk heller pengane på ein raus næringspolitikk.

Og til slutt: Det hadde ikkje vore ei ulempe om det hadde vore satsa meir på stadutvikling i Distrikts-Noreg. Altfor mange triste bygde- og småbysentrum i dette landet ser ut til å sakne ein arkitektonisk overordna plan.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.

Foto: Cinemateket

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Søte sommarskrømt

Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis