Den uredde Salman Rushdie
Så tok dei han, galningane, den unge hjernevaska attentatmannen og dei fanatiske religiøse leiarane som har støtta opp om dødsdommen mot Salman Rushdie. Men Rushdie overlevde dei tolv knivstikka han fekk.
Ikkje uventa la iranske styresmakter skulda for drapsforsøket på Salman Rushdie sjølv og støttespelarane hans. Det er tragisk at Iran – det gamle kulturlandet med det vakre språket og forfattarar som Hafez, Sa’di og Omar Khayyam – eit land som no i tiår etter tiår har vorte hersa med av ekstreme islamistar – skal verta knytt til denne saka og dette ynkelege drapsforsøket.
Men eitt veit vi, same kva: Dei iranske flyktningane i Noreg er kanskje den mest vellukka innvandrargruppa vi har. Dei har lenge vore eit godt tilskot til landet vårt.
Vi er mange, ikkje minst i Noreg etter Nygaard-attentatet, som har vorte vaksinerte mot islamsk og annan religiøs fundamentalisme etter at ayatolla Khomeini i 1989 sende ut oppmodinga om å drepa Rushdie.
Rushdie-saka har vorte eit tidsskilje og eit kjernedøme på kor viktig det er at vi vernar om ytringsfridomen og ein fri religionskritikk. Ein religionskritikk som på ingen måte må undertrykkjast fordi mange urettvist vil freista å knyta han til kritikk av folkegrupper.
Her har Rushdie vore konsekvent i all sin tale: «I den augneblinken du erklærer at idear, eller religionar, er immune mot kritikk, satire, hån eller forakt, vert tankefridom umogeleg.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.