Den raudgrøne bjørnetenesta

Publisert Sist oppdatert

I statsbudsjettet til den avtroppande regjeringa aukar utgiftene med 5,5 prosent. Det er mykje. Samferdsleutgiftene aukar med heile 16 prosent, jarnbanesatsinga 30 prosent åleine.

Denne utgiftsveksten vil ytterlegare pumpa opp norsk økonomi. Det vil gje høgare løner og høgare kostnader. Resultatet er at det vert endå vanskelegare å driva verksemd i dette landet som ikkje er oljerelatert. Det skaper eit fattigare Noreg – ikkje på pengar – men på mangfald og variasjon.

Men korleis skal ein halda att pengebruken i eit land med så store oljeinntekter som vi har? For éin ting Jens Stoltenberg lærde av den fyrste regjeringsperioden sin i 2000–2001, var at du taper neste val om du ikkje legg fram eit ekspansivt budsjett.

Som regjering må ein innfri stadig meir. Det ligg i politikkens natur – særleg når du faktisk har pengar til å gjera det. Det er berre i krig og krisetider du kan koma unna med å lova blod, sveitte og tårer. Også internt i regjeringa er måtehald vanskeleg sidan suksess blir rekna i kor mykje pengar du som statsråd greier å skaffe til departementet. Alle vil verta «budsjettvinnarar». Om du står for måtehald, er du brått «budsjettapar».

Den raudgrøne regjeringa har difor gjort landet ei bjørneteneste ved å etterlata seg eit ekspansivt budsjett som gjer det endå vanskelegare for den nye regjeringa å stramma inn. Det er likevel fullt mogeleg. Men vil den nye regjeringa det? Det lovar ikkje godt at den nye oljeministeren Tord Lien vil «holde trykket oppe» i olje–?og gassutvinninga og leggja «rammevilkårene til rette for det».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement