Den merkelege verdatil idrettsforbundetDei siste avsløringane i VG om pengebruken i Norges idrettsforbund er øydeleggjande for truverdet og autoriteten til organisasjonen. Over 10 millionar kroner til konsulentselskapet First House, over 300.000 til lagbyg
Dei siste avsløringane i VG om pengebruken i Norges idrettsforbund er øydeleggjande for truverdet og autoriteten til organisasjonen. Over 10 millionar kroner til konsulentselskapet First House, over 300.000 til lagbygging internt i NIF-styret, 1,8 millionar over fire år til fotballspelaren Jan Åge Fjørtoft for nettverksarbeid – og kuriøst nok 12.500 kr til langrennslauparen Bjørn Dæhlie for at han stilte opp på TV 2 for å tala varmt om eit OL i Oslo.
I årsmeldinga til Norges idrettsforbund for 2016 står det at forbundet er «en frivillig og medlemsbasert organisasjon» der legitimiteten til styret «er tuftet på det som skjer hver eneste dag i alle idrettslag over hele landet».
Nettopp. Difor er det merkeleg at Idrettsstyret ikkje har teke dette inn over seg, og ikkje har late den nøkterne kulturen i det friviljuge lagsarbeidet vera retningsgjevande for Idrettsstyrets eiga drift og eigen praksis. Berre på den måten kan styret motivera dei mange lokale medlemene og eldsjelene til dagleg dugnadsinnsats. Dette er enkel organisasjonspsykologi.
Hadde medlemene i styret late kulturen i den lokale idretten vere styrande også sentralt, hadde dei ikkje kome i uføret dei er i no. For det er ikkje i møta med dei lokale idrettslaga oppover Hallingdalen eller Østerdalen at pengane har sete laust. Det er fyrst og fremst i iveren etter å løfta fram toppidretten at mykje av den kritikkverdige pengebruken har skjedd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.