Den endelause hemnspiralen

Publisert Sist oppdatert

Terroråtaket i Jerusalem denne veka syner på nytt kor tragisk Israel–Palestina-konflikten er. Og reaksjonane i Israel og i dei palestinske områda fortel oss at valdshandlingane vil halda fram.

For i motsetning til fordøming hyllar den palestinske organisasjonen Hamas terroren. Det er ein «dristig handling» og ein «naturleg reaksjon på brotsverka mot folket vårt og våre heilage stadar». Og Hamas oppfordrar til fleire åtak.

Så på villspor er Hamas. Hamas er altså, og har alltid vore, ein islamistisk, jihadistisk forsvarar av terror. At det palestinske folket på Gaza skal måtta blir styrt av denne terrororganisasjonen, er ein tragedie.

Så har vi Israels statsminister Benjamin Netanyahu. Hans fyrste reaksjon på terrordrapa var at Israel vil hemna åtaket med «full styrke» og «hard hand». Som om det vil hjelpa noko som helst. På denne måten vil jo Netanyahu berre fram halda fram valdsspiralen – kort tid etter han stod for nok ei massiv bombing av Gaza.

Vi har for lenge sidan mista oversynet om kven som hemner kven – og kva som er hemn for kva. Denne hemnretorikken frå begge sider er sjølvforsterkande og destruktiv. Snarare enn hemn må Israel no prøva å roa ned situasjonen og få til ei avvikling av okkupasjonen av Vestbreidda og ein slutt på busettingspolitikken med annekteringa av dei okkuperte områda. Dette er sagt av mange i årevis – og er like gyldig i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement