Den dyrebare fridomen frå vald

Fråvær av vald er ein av dei viktigaste føresetnadene for å kunna skapa eit godt samfunn.

Ein kraftig eksplosjon ramma eit bustadområde utanfor Uppsala 28. september. Ei kvinne vart drepen.
Ein kraftig eksplosjon ramma eit bustadområde utanfor Uppsala 28. september. Ei kvinne vart drepen.
Publisert

«Kva er det som hender med Sverige?» Setninga vart hengande i lufta i ein NRK-reportasje frå Sverige for nokre år sidan. Den eldre kvinna var fortvila over at bydelen hennar stadig opplevde bilbrannar, konfliktar og bråk.

Det kan ikkje seiast for ofte: Fråvær av vald er ein av dei viktigaste føresetnadene for å kunna skapa eit godt samfunn. I Sverige vert dette godet utfordra – for å seia det mildt – av kriminelle gjengar som skaper uhygge.

Ein feilslått innvandringspolitikk må ta mykje av skulda for utviklinga. Landet har teke imot for mange på for kort tid. Dei har ikkje tidleg nok teke inn over seg at det går ei grense for kor mange ein kan ta imot om ein skal få til ei god integrering. Det er enkel logikk. Det store fleirtalet i ein skuleklasse må vera born som kan nasjonalspråket. Elles går det ut over kvaliteten på undervisinga, og dei svakaste fell frå. Nokre av desse som fell utanfor, kan hamna i kriminelle miljø.

Vi er i ein langt betre situasjon i Noreg. Men vi må likevel ta den svenske situasjonen på alvor. Vi har problem med gjeng- og ungdomsvald i visse miljø, og vi kan fort oppleva smitte frå Sverige.

I 2016 kunne politiet i Oslo melda om nedgang i gjengkriminaliteten blant ungdomane i byen. I eit intervju i Dag og Tid fortalde John Roger Lund i Oslopolitiet at dei hadde kontroll på dei kriminelle gjengangarane blant ungdomane. «Vi gjer alt for å hindra ungdom i å verta kriminell.» Politiet i Groruddalen var på skular og fritidsklubbar og meinte å kjenna namna på nesten kvar ungdom som kunne tenkjast å gjera noko kriminelt.

Så flyttar vi oss fram til 2022. Då får vi vita at ei ny satsing er på gang. Til Klassekampen fortel den same John Roger Lund at dei har identifisert seks område i Oslo der dei vil forsterka innsatsen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement