Den norske grunnskulen har endra seg svært mykje dei siste ti–femten åra. Etter mange år med kritikk og låge resultat på dei internasjonale Pisa-testane har skulane, etter press frå politikarane, stramma inn og gjort han meir og meir ambisiøs og teoretisk.
Resultatet har vorte lekser, prøver og testing i eitt køyr heile skuleåret igjennom. Og i alle fag. Også i gymnastikk, symjing, koking, musikk og teikning.
I gymnastikk gjev mange lærarar og skular elevane karakterar i kor gode dei er til å stå på hendene, og ein ny karakter i kor flinke dei er til å stå på hovudet. Eller karakterar i kor flinke dei er til å gå på skeiser – som å stå på éi skeise nokre meter. Til slutt vert det heile slått saman til éin hovudkarakter. Dette gjeld ikkje alle skular, og Utdanningsdirektoratet er kritisk til utviklinga, men det skjer likevel i eit stort omfang.
Og alle fag skal teoretiserast. No skal ein i gymnastikktimane òg kunna samanhengen mellom fysisk aktivitet og livsstil, ha kunnskap om rolla pulsen spelar for kvaliteten på treninga, kjenna den korrekte definisjonen på anaerob trening, ha kjennskap til ulike dansar og tradisjonane dei står i, osb.
Gymnastikk er altså ikkje berre gymnastikk som før. Før fekk dei fleste som stod litt på M i gymnastikk. Dei som bråka, fekk G – og ein og annan eksepsjonelt dyktig fekk S. No kan du koma heim etter skuledagen og ha fått 5 minus i å stupa kråke.
I sum vert all denne testinga og teoretiseringa for mykje for eleven. Nokre misser motivasjonen, andre slit seg ut på å innfri krava heile tida, veke etter veke.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.