Vil Donald Trumps dominerande rolle i Det republikanske partiet vera over når han går av som president i januar? Lite tyder på det. Framferda og strategien hans den siste månaden, der han konsekvent har avvist og motarbeidd valresultatet, kan ha sikra han ein dominerande posisjon i mange år framover.
Eit stort fleirtal av dei republikanske veljarane støttar Trump når han hevdar at valet er manipulert. «Trump er ingen tapar – han vart frårøva valet av dei korrupte demokratane.» Såleis held han på veljarane, og dermed har han stor innverknad på partiet. Få senatorar og kongressrepresentantar vil ønskja å koma i konflikt med Trump.
Som ein kommentator skriv i The Atlantic, liknar han ein gudfar. Ei kort twittermelding frå Trump vil gjera valkampen vanskeleg for alle republikanske kandidatar han måtte mislika. Og ei støttemelding vil vera skilnaden på å vinna eller tapa.
Likevel er det smått utruleg at så mange politikarar frå eit gamalt og stort politisk parti, i eit demokrati som fekk eiga grunnlov for over 200 år sidan, har vore med på Trumps medvitne løgner om at valet var manipulert.
Men USAs demokratiske institusjonane har bestått prøven. Leiaren for republikanarane i Senatet har denne veka trass alt gratulert Biden med sigeren. Endå viktigare er det at høgsterett avviste søksmålet frå Texas, med støtte frå 18 republikanske delstatar og 100 kongressrepresentantar, som kravde at valresultatet i fire vippestatar måtte annullerast.
Blant dei i høgsterett som var med på avvisinga, var Kavanaugh, Barrett og Gorsuch. Alle tre er utnemnde av Trump. Fleirtalet av medlemene i den amerikanske høgsteretten – medrekna den utskjelte Kavanaugh – handla altså som sjølvstendige juristar og ikkje som nikkedokker for presidenten som gav dei embetet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.