Dei norske fangevaktarane

Publisert Sist oppdatert

Boka til Eirik Veum om dei norske vaktsoldatane i Hirden, den paramilitære kampavdelinga til Nasjonal Samling, under den andre verdskrigen kjem med mykje verdfull informasjon.

Framstillinga av ugjerningane som mange av hirdvaktsoldatane utførde som fangevaktarar i tyske fangeleiar, er sjokkerande lesing. Totalt er det tale om fem leirar med 4060 jugoslaviske fangar. 1690 av dei omkom i fangenskap. I alt mellom 350 og 400 nordmenn tok del som vakter i desse leirane.

I praksis var det tale om reine utryddingsleirar. Og i boka får vi detaljerte framstillingar. Detaljrikdomen er viktig for å tydeleggjera det groteske som gjekk føre seg i desse leirane – på norsk jord og med medverknad frå nordmenn. Norske vakter stakk fangane med bajonettar, tvinga fang-ar i snøen om natta så dei fraus i hel, skaut fangar vilkårleg for å sleppa vakttenester, prylte og slo fangar utan grunn og så bortetter.

Det er eit nullpunkt i norsk historie. I respekt for alle offera er det viktig at historiene kjem fram og vert ein del av vårt kollektive minne. Vi har kjent til ugjerningane mellom anna gjennom Nils Christies studie Fangevoktere i konsentrasjonleire, men i norske historieverk har det vore underkommunisert.

Ugjerningane vart gjorde i ein heilt særeigen situasjon, også drøfta av Veum. Fangevaktarane visste ikkje kva som møtte dei. Røyndomen i fangeleirane var uverkeleg. Nils Christie har skrive om dette: Fangevaktarane fekk ikkje tak i dei utsvelta, skitne, stinkande og døyande fangane som menneske. I ein krigssituasjon med tyske brutale soldatar over seg i ein forferdeleg fangeleir vart altså mange av desse nordmennene til reine bødlar. Situasjonen skal ikkje fråskriva dei ansvaret for ugjerningane, eit ansvar dei òg måtte ta i møte med rettsstellet etter krigen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement