Tilstrøyminga av flyktningar til Europa og Noreg opnar opp for ei rekkje interessante spørsmål om integrasjon, EUs utvikling, moral og politikk, velferdsstatens levevilkår osv. Kort sagt: Alle som er opptekne av samfunnsspørsmål, må brenna etter å få delta og ytra seg i debatten.
Men er det ikkje relativt få som ytrar seg? Og er det ikkje ofte dei same som går att? Kvar er alle dei norske forskarane i samfunnsfag i dette landet? Eit søk på atekst – som er databasen for alt som har stått på trykk i norske aviser – syner at svært mange – ikkje minst våre såkalla intellektuelle, ikkje har ytra seg i det heile.
Men ein skal ikkje ha site lenge rundt eit kafébord og diskutert temaet før ein skjønar at synspunkta er mange og sprikande om kva som er rett innvandrings–?og flyktningpolitikk. Skal ein opna eller stenga grensene? Skal flyktningane få fast eller mellombels opphald? Kva konsekvensar har Tysklands politikk for EU? Vil europeisk kultur bli endra? Har vi ei moralsk plikt til å ta imot flyktningane?
Og det er særleg kritiske innvendingar mot den rådande politikken som er mest fråverande i media. Underteikna har spurt fleire samfunnsvitarar, som i samtalar har kome med innvendingar, om kvifor dei ikkje ytrar seg offentleg. Svaret er ofte at dei ikkje vil bli plasserte i bås med innvandringsfiendlege og såleis bli utdefinert på ein eller annan måte. Det er ein feig posisjon, men nokså utbreidd.
Men debatten treng fleire røyster, ikkje minst frå midtposisjonane. Saklege motførstillingar mot all rådande politikk, om det så er miljøpolitikk eller flyktningpolitikk, er viktig for å gje demokratiet vårt legitimitet. Samfunn som ikkje inngåande drøftar alle sider ved den rådande politikken, vil til slutt skapa unaudsynt motstand, svekkja demokratiet og opna opp for ekstreme haldningar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.