Datamanien i skulen

Publisert Sist oppdatert

Dag og Tid har i to nummer drøfta bruken av datateknologi i undervisinga i skulen. Denne bruken har no gått så langt at «digital kompetanse» vert sett på som like viktig som å lesa og skriva.

I tur og orden har skuleministrane, godt støtta opp av næringslivet, stått fram og lovprisa utviklinga. Som utdanningsminister Trond Giske sa i 2000: «IKT vil revolusjonere både måten vi lærer og underviser på».

Optimismen toppa seg med kunnskapsminister Kristin Halvorsen som i 2011 sa til VG at «Jeg vil oppfordre skolen til å bruke nett og sosiale medier så mye som mulig».

Det er difor oppløftande at dagens kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen stiller seg kritisk til deler av denne utviklinga. Til Dag og Tid sa han at «for mykje av denne satsinga har vore prega av eit ønske om å vera moderne». Han vil at Senter for IKT i utdanninga, som får 90 millionar i året, ikkje «berre blir ein ukritisk heiagjeng for meir bruk av digitale verktøy».

Røe Isaksen kan trygt seia dette for det er ikkje noko forsking som tyder på at stor bruk av digitale læremiddel fremjar god læring. Det er interessant å sjå studiar som syner at vi hugsar dårlegare det vi les på dataskjermar, enn om vi les same teksten i ei bok.

Framleis syner skule–?og læreforsking at det er kvaliteten på læraren som avgjer. Digitale hjelpemiddel skal vera ein del av undervisinga, men skepsisen og kritikken mot nettbruken må styrkjast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement