Dårleg val for Trump

Publisert

Trass i dei store økonomiske problema som mange amerikanarar opplever, og ein president som er for gamal til å vera president, gjorde republikanarane eit mykje dårlegare val enn forventa.

Dei vann fleirtalet i Representanthuset og har enno ein sjanse til å vinna fleirtalet i Senatet. Det som likevel er klart, er at det ikkje vart det republikanske valskredet som mange meiningsmålingar tydde på før valet.

Og ikkje minst: Fleire av Trump-kandidatane tapte, kandidatar som står for synspunkt som normalt ville gjort dei uskikka til å representera det republikanske partiet. Men det var før Trump snudde opp ned på alt og til slutt gjorde det legitimt som republikanar å fornekta valresultatet i 2020. Noko slikt ville vore uhøyrt før Trump.

Så sjølv om politikarar som Marjorie Taylor Greene, ein av dei største Trump-tilhengjarane som stadig kjem med reine konspirasjonsteoriar, vart attvald til Representanthuset, syner valet at ikkje alt i amerikansk politikk går i ekstrem retning.

Det er òg interessant at guvernør Ron DeSantis i Florida, som ikkje har gjort seg avhengig av støtte frå Trump, vann med stor margin. Den høgrevridde fjernsynskanalen Fox News lanserer no den omstridde DeSantis som ny presidentkandidat.

Vonleg vil valresultatet svekkja Trump såpass mykje at han ikkje vinn fram som partiets neste presidentkandidat. Tanken på at Trump kan koma tilbake som president, er knapt til å halda ut.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement