Dårleg val for Trump
Trass i dei store økonomiske problema som mange amerikanarar opplever, og ein president som er for gamal til å vera president, gjorde republikanarane eit mykje dårlegare val enn forventa.
Dei vann fleirtalet i Representanthuset og har enno ein sjanse til å vinna fleirtalet i Senatet. Det som likevel er klart, er at det ikkje vart det republikanske valskredet som mange meiningsmålingar tydde på før valet.
Og ikkje minst: Fleire av Trump-kandidatane tapte, kandidatar som står for synspunkt som normalt ville gjort dei uskikka til å representera det republikanske partiet. Men det var før Trump snudde opp ned på alt og til slutt gjorde det legitimt som republikanar å fornekta valresultatet i 2020. Noko slikt ville vore uhøyrt før Trump.
Så sjølv om politikarar som Marjorie Taylor Greene, ein av dei største Trump-tilhengjarane som stadig kjem med reine konspirasjonsteoriar, vart attvald til Representanthuset, syner valet at ikkje alt i amerikansk politikk går i ekstrem retning.
Det er òg interessant at guvernør Ron DeSantis i Florida, som ikkje har gjort seg avhengig av støtte frå Trump, vann med stor margin. Den høgrevridde fjernsynskanalen Fox News lanserer no den omstridde DeSantis som ny presidentkandidat.
Vonleg vil valresultatet svekkja Trump såpass mykje at han ikkje vinn fram som partiets neste presidentkandidat. Tanken på at Trump kan koma tilbake som president, er knapt til å halda ut.
Det beste president Biden kan gjera no, er å fortelja folket i USA at han ikkje stiller til attval om to år. Det demokratiske partiet må koma opp med ein langt meir vital og kraftfull kandidat.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.