Carl I. Hagen og Nobelkomiteen

Publisert Sist oppdatert

Stortinget må til kvar tid vera prinsipielt og korrekt i alle vedtaksprosessar. Det må òg gjelda når Stortinget skal avgjera kven som skal sitja i til dømes Riksrevisjonen, Representantskapet i Noregs Bank – og Nobelkomiteen.

Til alle desse komiteane har det vore sedvane at det har vore opp til kvart einskilt parti å utnemna dei representantane dei sjølve vil ha i desse posisjonane. Det er ei ordning som bør halda fram. Ikkje minst er dette viktig for dei små partia, for elles kan dei store partia lett koma til å dela representantane seg imellom.

Difor må Framstegspartiet kunna utnemna Carl I. Hagen som medlem i Nobelkomiteen. Dei andre partia får lika eller ikkje lika det, men dei må like fullt godta det – trass i at han er vararepresentant til Stortinget.

Stortinget har nemleg ikkje reglar som seier at representantar eller vararepresentantar på Stortinget ikkje kan sitja i Nobelkomiteen. Det er sjølvsagt uheldig. Like uheldig som at Ågot Valle og Thorbjørn Jagland vart medlemer av Nobelkomiteen samstundes som dei var stortingsrepresentantar (rett nok som avtroppande same året) og – ironisk nok – mot Frps klare tilråding.

Nobelkomiteen vil alltid vera knytt til norsk politikk og norske folkevalde – fordi testamentet til Alfred Nobel krev at Stortinget vel medlemene i komiteen. Men denne tilknytinga bør avgrensast mest mogleg. Berre slik kan Nobelkomiteen gjera krav på å vera ubunden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement