Skjemaveldet med stadig ufylling av rapportar breier enno om seg. All medkjensle til lærarane som dei siste vekene har sete og skrive elevevalueringar i det uendelege. For elevane i dag skal ikkje lenger berre ha karakterar, men òg lange utgreiingar og kommentarar nærast etter kvar skuleprøve. Det er sløsing med tid og krefter og må ta gneisten frå mange gode lærarar.
Lækjarar og sjukepleiarar kjenner òg godt til kva eit skjema er. Denne veka skriv vi om byråkratiseringa av helsevesenet, der administrasjonane som skal styra dei nye store sjukehusa, har vakse kraftig dei siste åra – særleg har talet på byråkratar med ikkje-helsefagleg bakgrunn auka.
Dette kostar mykje pengar, det tappar sjukehusa for ressursar og eit stort byråkrati har ein tendens til å generera endå meir byråkrati og skjema.
Ein som tidlegare har skrive artig om byråkratiseringa, er nestor i norsk medisin Olav Hilmar Iversen (1923–1997), illustrert av Kjell Aukrust. Iversen fann ut at byråkratiseringa kom av sjukdomen «byråkratitis», og at smitten vert overført av komité- og utvalsmøte, utgreiingar, innstillingar, planar, proposisjonar og seminar. Eit symptom på sjukdomen er at ein ikkje lenger stoler på eiga avgjersle, men ber om at alle saker vert lagde fram i mist seks utfylte skjema.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.