Leiar

Byggjeskikk

Bustader i Bjørvika i Oslo: Moderne og stilig, eller monotont og kjedeleg?
Publisert

Kvar har lokalpolitikarane vore? Tanken melder seg kvar gong eg reiser til den faste feriestaden min, ein øykommune på Vestlandet. Handlesentrumet består av to handlesenter, med akkurat så lang avstand at dei fleste vel å køyre bil mellom dei. Dei sosiale uteromma er ikkje-eksisterande – om ein ikkje reknar parkeringsplassane som eit sosialt rom.

Kvar har arkitektane vore? Tanken melder seg når eg går gatelangs i nybygde kvartal i hovudstaden, attmed firkanta klossar med monotone fasadar.

Og når eg køyrer bil frå aust til vest, undrar eg meg over hyttene som breier ser utover stadig større delar av det som har vore eit storslått naturlandskap.

Energi og glede

Bygningar og bumiljø pregar kvardagen til kvar enkelt av oss. Ei grøn lunge kan gje ungar boltreplass, sjuke ein stad å kvile og åleinebuarar ein stad å helse på naboen. Sollys og vakre fasadar gjev energi og glede.

Bygga våre påverkar også sterkt planeten vi bur på. Byggjenæringa står for 30 prosent av materialforbruket, 23 prosent av karbonavtrykket og 26 prosent av avfallet i Noreg. Og å rehabilitere bygg har berre halvparten så store klimagassutslepp som å byggje nytt. Når vi byggjer, må vi altså tenkje meir enn nokre få år fram i tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement