Breivik-dommen bør ankast
Kva rettar har ein massemordar? Svaret er – same kor lite vi måtte lika det – dei same rettane som alle andre mordarar. Altså rett til ein forsvarar, ei skikkeleg rettssak og soningstilhøve innanfor lova. Desse krava set vi like mykje for samfunnets eigen del. For ved å handsama sjølv den verste forbrytar rettvist sikrar vi vår eigen sjølvrespekt og vår eigen rettsstat.
Mange vil likevel seia at dommen om soningstilhøva til Anders Behring Breivik denne veka syner kor naive vi er vortne i Noreg. Men les ein dommen, er han ganske nøktern og lojal mot kjeldene, slik retten oppfattar dei.
Det grunnleggjande spørsmålet er kor mykje isolasjon ein fange kan påførast. For isolasjon er eit svært sterkt verkemiddel. Retten skriv: «Breivik er en farlig person» som må hindrast kontakt med meiningsfellar. Men inne i «fengselets høysikkerhetsavdeling kan retten imidlertid ikke se at det er grunnlag for å konkludere med at han representerer en tilsvarende ekstrem risiko».
Retten meiner at fengslet skal halda på eit strengt regime, men at det samla sett har vore for strengt. Vi meiner derimot at fengselsregimet rundt Breivik med eitt unnatak verkar rimeleg: Den konsekvente bruken av glasvegg mellom Breivik og dei som vitjar han, bør kunna avskaffast. Fengslet meiner det kan skapa fare for gisseltaking om veggen vert fjerna. Men dei som vitjar han, må vel kunna sikrast på ein annan måte?
Men er bruken av glasveggen nok til å døma staten for «umenneskeleg behandling»? Det bør ein ny rettsinstans vurdera. Saka bør difor ankast. Og som regjeringsadvokaten framheva, har Breivik avvist fleire framlegg til aktivisering og sosiale tiltak. Har retten teke tilstrekkeleg omsyn til det?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.