JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Borgarplikta

Det er ingen grunn til å vera smålåten. Lokalpolitikken, like mykje som rikspolitikken, treng dei beste av oss.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Berit Roald / NTB

Foto: Berit Roald / NTB

2020
20230908
2020
20230908

Det er ingen grunn til å vera smålåten. Lokalpolitikken, like mykje som rikspolitikken, treng dei beste av oss. Folk som tenkjer klårt, langsiktig, ser samanhengar og tenkjer på det beste for fellesskapet. Folk som skjønar kva som må prioriterast, og kva som må forsakast.

I kvar av dei 356 by- og heradsstyra og 11 fylkestinga våre treng vi flinke folk som nyttar tida si på dette strevsame arbeidet, veke etter veke, år etter år, for å tryggja det norske demokratiet. Og ikkje kom med hånlege kommentarar om at dette er ein 17. mai-tale. Det er nettopp å stø opp om og verna demokratiet lokalvala våre til sjuande og sist handlar om.

Men dette arbeidet tek mykje tid – fritid – sjølv for eit vanleg medlem i eit heradsstyre. Førebuing, samtalar og møte etter møte. I tillegg må ein sitja i ulike kommunale utval med nye møte, samtalar og førebuing.

Mange vegrar seg difor for å delta i lokalpolitikken. Truleg fleire no enn før. Det gjer at vi ikkje alltid får dei politikarane vi fortener.

Og mange sluttar for tidleg, for som oftast klarer ein ikkje innfri forventningane som mange har til kva som er mogeleg å få til i eit heradsstyre. Altfor mykje av tida går til budsjettarbeid, der ein må prioritera innanfor svært stramme rammer. Til slutt sit ein att med ei kjensle av maktesløyse, og ein er overgjeven til kva for løyvingar staten bidreg med.

Det er då ein må overtyda seg sjølv om at arbeidet likevel er viktig. At vervet er ærefullt og eit privilegium å kunna driva med for alle samfunnsinteresserte.

Kva kan vi som veljarar gjera? Røysta, sjølvsagt. Og kumulera. Gje ei ekstrarøyst til dei du har mest tillit til. Gje også personrøyster til gode kandidatar frå andre parti som du veit har sunt bondevit. I mange lokalsaker er det ikkje så skarpe skilje mellom partia. Kva innsikt og vit toneangjevande folk har i eit heradsstyre, kan avgjera viktige saker i rett lei.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis