Bør Mustafa Hasan få bli?

Publisert

Vi har fått ei ny utvisingssak om ein ungdom som har vore i Noreg frå han var liten gut. Den no 18 år gamle Mustafa Hasan kom hit til landet som seksåring saman med mora og syskena. Mora og fleire av borna er alt sende tilbake til Jordan, men Mustafa Hasan er her framleis.

Bør han sendast ut? Ja, om vi skal praktisera likehandsaming og konsekvens i flyktningpolitikken. Berre dei som verkeleg treng det, skal få asyl eller opphald på humanitært grunnlag. Dessutan har han foreldre og stor familie i Jordan.

Men her er det tale om ein ung mann på 18 år som har vore i Noreg sidan han var seks. Det er ikkje hans feil at mora tok han med til Noreg på falske premissar. Bør ikkje det tilseia at han no får bli?

Det bør det. Har du budd tolv år som barn og tenåring i Noreg, må du som 18-åring kunna få avgjera sjølv om du vil verta verande eller ikkje. Det meste han hugsar frå livet, er knytt til Noreg. Då skal det spesielle grunnar til for å utvisa han. Slike grunnar ligg ikkje føre her. Lovparagrafane må vika for ei meir rimeleg skjønsvurdering.

Dei såkalla innvandringsregulerande omsyna er ikkje sterke nok i denne saka. Saka er for spesiell til det. Dessutan har norske styresmakter «tapt». Dei har brukt for lang tid. Vi må snart læra at vi må ha ei raskare handsaming av asylsaker som gjeld barn.

No er dette lett å seia. Særleg tilbakekallingssaker tek tid med ein lang rettsprosess. Les ein domen, slår det ein kor kompliserte slike saker er, med alle ankane og vedtaka i UDI, Utlendingsnemnda, tingretten, lagmannsretten og til slutt avslag på handsaming i Høgsterett.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement