Bondeopprør

Publisert

Fem bønder har teke initiativ til #Bondeopprør21– der dei krev at norske bønder får ein økonomi som set dei i stand til å produsera trygg norsk mat. Initiativet har raskt fått stor støtte blant mange, ikkje minst frå folk utanfor bondeyrket.

Blant anna har elleve ordførarar i Gudbrandsdalen, frå Lillehammer til Lesja, skrive under på eit ope brev der dei støttar opprøret. Ordførarane er sterkt uroa over utviklinga for landbruket i dalen, for Gudbrandsdalen har mista 20 prosent av dei aktive gardbrukarane dei siste ti åra.

Ei slik utvikling kan ikkje halda fram. Det vil føra til færre arbeidsplassar og fråflytting frå dalen. Og, som ordførarane skriv, det vil endra kulturen, særpreget og identiteten til dalen. Vi legg til her: Det er nok turisme og hyttebyar i dalen. Viktigare framover er å sikra jordbruket.

No skal det seiast at det ikkje er lett å vita kva tiltak og ordningar som best vil hjelpa dei attverande bøndene i Gudbrandsdalen, og landet elles, til å halda fram i næringa. Ein god jordbrukspolitikk er avhengig av så mange ting. Ikkje minst, som initiativtakarane bak opprøret skriv, må makta til matvarekjedene svekkjast. Kjedene styrer no i praksis altfor mykje av næringa.

Men lat oss ta ei anna konkret utfordring. Det er vedteke å forby båsfjøs for mjølkebøndene frå 2034. Det er eit vedtak som har store konsekvensar for næringa, og som kan føra til ei massiv nedlegging av dei mindre mjølkebruka i landet, sidan ombygginga til lausdrift krev store investeringar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement