Boikott av fotball-VM i Qatar
Det kan gå mot norsk boikott av VM i fotball i Qatar i 2022. Etter at Tromsø Idrettslag vedtok å be Norges Fotballforbund om å boikotta VM, har ei rekkje klubbar, som Brann, Viking, Rosenborg, Odd og Strømsgodset, gjort det same. No legg Fotballforbundet opp til at saka skal drøftast på eit ekstraordinært fotballting 20. juni.
Qatar skulle aldri ha fått VM i fyrste omgang, både på grunn av styresettet i landet og på grunn av den ubehageleg måten dei handterer gjestearbeidarane sine på. Det var ei skandaløs avgjerd gjort av FIFA. Dessutan er det for varmt å spela fotball i Qatar om sommaren, slik at arrangementet måtte flyttast til november og desember.
Det er i det heile provoserande å sjå korleis desse reaksjonære golfstatane profilerer seg og gjer seg lekre gjennom den internasjonale idretten. Og fotballindustrien har ingen hemningar, men lèt seg gjerne bruka. At til dømes ærverdige Highbury, fotballstadionet til London-klubben Arsenal, no heiter Emirates Stadium, er berre trist.
Bør så Fotballforbundet boikotta Qatar VM? Fellesforbundet meiner nei og argumenterer med at ein boikott utan ein klar strategi for korleis han skal fylgjast opp, har lite for seg. Vedtaket om boikott vert såleis berre ei markering. Forbundet vil heller påverka arbeidstilhøva i landet. Det er eit greitt standpunkt, for det er ingen klar fasit her.
Men om engasjementet for boikott hjå dei norske klubbane og blant dei norske fotballtilhengjarane kan spreia seg til andre land, kan ein boikott ha noko for seg. For skal eit land vera med i den internasjonale idrettsverda, må ein innfri visse sivilisatoriske minimumskrav – som å handsama gjestearbeidarane sine ordentleg. Det gjer ikkje Qatar, sjølv om dei har meir enn nok pengar til å gjera det. Eit trugsmål om ein større boikott frå fleire land kan såleis påverka Qatar i positiv retning.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.