Bistand til RaqqaErling Folkvord har på nytt vore på reise i Syria og Irak og skrive om tilhøva der for Dag og Tid. Etter fleire turar dei siste åra har han hatt nærkontakt og fyrstehands kunnskap om krigane og utviklinga i området. Blant anna vitja han Ra

Publisert

Erling Folkvord har på nytt vore på reise i Syria og Irak og skrive om tilhøva der for Dag og Tid. Etter fleire turar dei siste åra har han hatt nærkontakt og fått fyrstehandskunnskap om krigane og utviklinga i området. Blant anna vitja han Raqqa i Syria tre dagar etter frigjeringa i oktober i fjor.

Raqqa hadde vore kontrollert og herja av IS sidan 2014. Men byen vart frigjord frå dei islamistiske jihadistane, med tung støtte frå USA, etter langvarige kampar. Dei aller fleste av dei av 300.000 innbyggjarar hadde då flykta frå byen.

Folkvord kan no fortelja at rundt 150.000 flyktningar har kome tilbake til Raqqa. Og nye kjem kvar veke. Dei aller fleste frå flyktningleirar nokre timar frå byen – der levevilkåra har vore særs vanskelege. Folkvord møtte ingen som kom tilbake frå Tyrkia eller Europa.

Tilhøva som møter dei i Raqqa, er særs vanskelege. Svært mykje av byen vart bomba og øydelagd. Så dei som kjem tilbake, har krevjande oppgåver framfor seg. Dei fleste klarer seg heroisk nok, men mange born døyr unødvendig av sjukdom. Hus vert reparerte, og butikkar dukkar opp att.

Men det går seint. Og diverre har hjelpa late vente på seg. Det er tragisk. I denne viktige, prekære situasjonen treng dei hjelp til oppattbygginga. Til minerydding, til kjøp av armeringsjern og sement, til å skaffa straum, til medisinsk utstyr og medisinar, til vassforsyning og så bortetter.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement