Billegmat gjer oss fattigare
Noreg vert fattigare av Rema, Coop og Norgesgruppen. Fattigare på variasjon og mangfald. Fattigare på lokale produsentar av varer med særpreg. Fattigare på kultur – matkultur. Og på variert arbeidsliv.
Dei tre butikkselskapa har sikkert kutta prisar både her og der, men den største prisen må vi alle betala for eit meir keisamt land, standardiserte varer og færre butikkar med særpreg. Ein god butikkeigar kjenner kundane og har eigarskap over varehyllene sine. Då må han vera fri frå kjedemakta.
At maktkonsentrasjonen i den norske varehandelen har fått lov å gå så langt at tre selskap styrer over 90 prosent av daglegvarehandelen i dette landet, er berre trist. Vonleg var NRK-programmet sist veke om «Matvarekrigen» ein vekkjar for mange.
Men det hastar å gjera noko. Sjølv dei mest framtidsretta merkevarene kjem seg ikkje vidare utan å koma inn under ei av dei tre store matvarekjedene. Som Grøstadgris, som har hatt suksess med utegåande griser, og som no Norgesgruppen har kjøpt 50 prosent av. Eller den frittgåande Stangekyllingen, der selskapet som står bak, er fullt kjøpt opp av Rema.
Til ei positiv endring skulle koma – kvar kan du handla for å unngå dei tre kjedene? I praksis er det svært vanskeleg. Rett nok er nokre av butikkane i dei store kjedene flinke til å ta inn lokal mat. Og sjølv om butikkjeda Nærbutikken er eigd av Norgesgruppen, står dei òg noko friare.
Men nokre få heilt frie alternativ finst. Som i Tromsø. Der kan du handla hjå Eide Handel på Kvaløya. Dei er sjølveigande, har vore frie sidan oppstarten i 1953, har over 10.000 varesortar og masse lokale matvarer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.