Billeg bensinretorikk

Publisert Sist oppdatert

Det er smått ironisk at bensinprisen, samstundes som Framstegspartiet både sit i regjeringa og har finansministeren, no er historisk høg. Kanskje dei blir litt meir audmjuke i kritikken av bensinprisane når dei hamnar i opposisjon att.

Men ikkje ver for sikker. Sjå berre på Senterpartiet og Trygve Slagsvold Vedum. Det er ikkje lenge sidan dei sjølve var i regjering. Likevel driv dei med billeg retorikk for å scora politiske poeng på ein i realiteten marginal bensinprisvekst.

For det fyrste er berre rundt 25 prosent av prisveksten dei siste månadane meirverdiavgift og avgiftsauke. 75 prosent av veksten kjem av at dollaren har styrkt seg og oljeprisen gått opp.

For det andre er ikkje bensinprisen særleg høg i Noreg jamfør andre, om ein tek omsyn til kjøpekrafta. Og vi nyttar langt mindre av inntekta vår på bensin i dag enn vi gjorde på 1980-talet. Det veit Senterpartiet godt. Då Senterpartiet sjølv sat i regjering med Willoch og Høgre, var prisen på drivstoff dobbelt så høg målt etter disponibel inntekt.

Dessutan overdriv Senterpartiet at bygdefolket vert særleg hardt råka av prisveksten på bensin. Å ta tog til arbeid inn og ut av Oslo frå Asker kostar 14.000 kroner per vaksen i eit hushald. I tillegg har ein bil til andre gjeremål. Dag og Tid er like opptatt av bygde-Noregs ve og vel som Senterpartiet er. Men det er ikkje bensinprisen som er den store utfordringa for distrikta. Og dei samla bu–?og levekostnadane er lægre på bygda enn i byane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement