Bilismen må ned

For ørtande gong vert det påpeika at mange av dei norske byane slit med dårleg luftkvalitet, særleg på grunn av utslepp av nitrogendioksid (NO2) frå vegtrafikken.

Publisert Sist oppdatert

Denne gongen er det Miljødirektoratet som i ein ny rapport er uroa for at fem store byar i Noreg – Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Drammen – har vedvarande overskridingar av grenseverdiane for lokal luftkvalitet.

Slike overskridingar fører til store helseplager for innbyggjarane, som større sjanse for å utvikla eller forverra luftvegs–?og hjartekarsjukdomar for born, eldre og sjuke menneske. Eit svært alvorleg problem, altså. Likevel gjer vi ikkje nok for å få slutt på at dei som bur i desse byane vert utsette for luftureining over tillatne nivå.

Mange av byane har heller ikkje utarbeidd klare tiltaksplanar, eller så tilfredsstiller ikkje tiltaksplanane krava i ureiningsføresegna eller EUs luftkvalitetsdirektiv. Dei manglar både akuttiltak og langsiktige tiltak. Miljødirektoratet hevdar såleis at miljøoverskridingane vil halda fram mot 2025.

Eit lite ljospunkt er Trondheim, som har sett i verk fleire tiltak for å redusera utsleppa frå vegtrafikken. Dei seinaste fem åra har NO2-utsleppa gått ned på grunn av meir bruk av kollektivmiddel, meir bruk av bompengar, fleire omkøyringsvegar og færre diesel–?til gassbussar. Fleire nyttar òg sykkel og går. Men òg Trondheim har ein lang veg å gå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement