Best i verda
Gjennom bokhylla har tilgangen til litteraturen vår vorte lik over heile landet. Bokhylla slettar ut skiljet mellom sentrum og periferi.
Frå venstre, Aslak Sira Myhre, Lubna Jaffery og Hege Munch Gundersen
Foto: Gorm K. Gaare
I elleve år, sidan 2012, har den digitale bokhylla til Nasjonalbiblioteket gjeve alle i Noreg digital tilgang til norske bøker og tidsskrift gjeve ut før 2001.
Rykta har gått i lang tid om at ordninga var for dyr, og at omfanget av avtalen såleis kunne verta redusert. Men nei, takka vera mange gode krefter som har vore involverte, held avtalen fram – til og med utvida med 175.000 bøker og no med publiseringsdato fram til 2005.
Og like viktig: Den nye avtalen gjer òg at også forskings- og årsrapportar, utgjevingar frå foreiningar og lag, lokalhistorie, offentlege utgjevingar og liknande held fram med å vere tilgjengelege. Har du ikkje vore inne i nettbiblioteket, finn du det på Bokhylla.no. Det er ei av Noregs beste og viktigaste nettadresser.
Som det står i pressemeldinga: «Den litterære kulturarven står sentralt i vår felles hukommelse og utgjør en enestående kilde til kultur, kunnskap og identitet for alle. Det er bred enighet i Norge om at denne bokarven skal gjøres tilgjengelig for befolkningen».
Bokhylla gjev deg høve til å finna og henta fram att mykje av det som har vore skrive i Noreg. Ting som elles i stor grad ville vorte gløymde og gøymde for all tid, fordi ein i praksis ikkje har ein sjanse til å finna det på annan måte.
I søkinga på bokhylla snublar ein over og finn ting som ein elles ikkje visste om eller hadde tenkt på. Før måtte ein nytta veker på å henta fram kva ein forfattar skreiv om eit tema – no gjer ein det på to minutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.