Beklageleg nei til gransking
SV har klokt føreslått at Stortinget skal granska Noregs rolle i krigen i Libya i 2011. Terje Tvedt føreslo det i fjor i den store debatten om Libya-krigen. Og Dag og Tid har føreslått det same. Diverre vart framlegget til SV denne veka avist i Stortinget av Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet.
Krigen mot Libya var eit stort mistak. Libya er no ein røvarstat – destabilisert, styrt av militsgrupper og eit av landa der IS står sterkt.
Dag og Tid støtta i 2011 ei flyforbodssone i Libya for å hindra det som vart sagt kunne verta ein massakre i Benghazi. Vi var tydelege på at det nettopp skulle vera ei flyforbodssone for å verna sivilbefolkninga i Benghazi, men at ein ikkje skulle involvera seg i borgarkrigen. Klassekampen var blant dei få som var mot flyforbodssona.
Vi trudde derimot på FN-resolusjonen om at Libyas sjølvstende og territorielle integritet skulle vernast. Men det var eit naivt standpunkt. For ved å opna for ei flyforbodssone opna ein i praksis for at Nato og Noreg involverte seg i ein full flykrig mot Libya-regimet. Målet var ikkje lenger berre å verna sivilbefolkninga i ein konkret by, men å få fjerna Gaddafi-regimet.
Ei gransking skulle sett på korleis dette kunne skje. Kvifor vart Noreg mellom dei som var mest aktive i flybombinga? Som sjefen for Nato-bombinga, Charles Bouchard, har sagt i ettertid: Noreg «var eitt av dei landa ein kunne gå til når det galdt å få ting gjort».
Kvifor gjekk Noreg så langt? Hadde dei mandat til det? Var den aktive bombinga i tråd med det regjeringa hadde informert Stortinget om at Noreg skulle bidra med i Libya? Kvifor gjekk ein frå å skulla handheva ei flyforbodssone til å bomba og øydeleggja Gaddafi-regimet fullstendig? Og var det i realiteten ein fare for massakre i Benghazi? Vart omverda lurd? Hadde Gaddafi bede om våpenkvile like før Nato gjekk til aksjon?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.