Opplagstala vart presenterte denne veka. Dag og Tid har ein ny, gledeleg framgang. Klassekampen er på nytt opplagsvinnar. Gratulerer! Men elles er det mykje tilbakegang. Det er diverre ikkje lett å vera ei stor avis og unngå opplagsfall i dagens medieverd. Éin grunn er at mange aviser historisk har hatt eventyrlege opplag. Noreg har vore eit unikt avislesande land, og ein kan ikkje forventa at den situasjonen varer ved.
Men nedprioriteringa av papiravisa dei siste åra må ha forsterka tilbakegangen. Mange aviser har satsa stort for å få lesarar på nettet, og det vert tala om «konsum» av nyhende. Mediebedriftenes Landsforening (MBL) meiner at det «er positivt at så mange logger seg inn for å konsumere norsk redaksjonelt innhold. Folk vil ha nyheter, og de vil konsumere det på flere måter og på alle flater» (våre uthevingar).
Konsumere redaksjonelt innhald? Ein slik talemåte er uheldig og påverkar den redaksjonelle tenkinga og prioriteringa. Kjappe klikk på mobilen og freistnader på å lokka «lesarane» til å klikka vidare på ein eller annan video frå YouTube vert slik ein del av den redaksjonelle satsinga. «Underverda», kallar Kaj Skagen råkande denne tilstanden.
Situasjonen i norske aviser er alvorleg. Det må seiast tydeleg – også av avisenes eigne folk. Nedbemanninga i redaksjonane er uheldig for det norske demokratiet. Kvalitetsjournalistikk kostar pengar. Difor har lina som mange norske mediehus har lagt seg på med å tilby gratis redaksjonelt stoff på nettet, vore eit mistak. Ein heil ungdomsgenerasjon er no lærd opp til at journalistikk er gratis på nettet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.