Leiar

Australia viser mot

«La dei få vere born» står det på Sydney Harbour Bridge i samband med lova om å forby sosiale medium for alle under 16 år.
Publisert

For eit vedtak! For ein vilje til å gjera noko som verkeleg monnar! I Australia vart det natt til onsdag denne veka forbode for alle under 16 år å nytta sosiale medium. 2,5 millionar born og ungdomar mellom 8 og 16 år vert råka. TikTok, Instagram, Facebook, Threads, X, Kick, Redit og Youtube. Bort med det.

Ja, sosiale medium har òg positive sider. Det er ein lett måte for mange å halda kontakt med familie og vener på. Media kan fremja sosial tilhøyrsle, ein kan dela felles interesser og få positive tilbakemeldingar. Og ein får tilgang til mange nyhende.

Men kunnskapen om dei negative sidene ved sosiale medium for mange born er likevel overveldande. Krenking, ekskludering, kroppspress som fylgje av idealisering av utsjånaden, konsentrasjonsvanskar og så vidare.

Dette kan gjelda born lang ned i årsklassane. Medietilsynets rapport frå 2024 syner at over halvparten av dei norske 9-åringane og nesten alle 12-åringane er på sosiale medium, trass i aldersgrensa på 13 år.

Det overraskande er eigenleg ikkje at Australia forbyr dei sosiale media for borna, men at resten av verda har gjort så lite for verna born mot dei.

Styresmaktene i Australia vil få massiv kritikk og motstand framover. «Eg står midt i ein krig», som det australske ombodet for nettryggleik, Julie Inman Grant, sa etter at forbodet var sett i verk. Og utfordringane er sjølvsagt reelle. Er det i det heile teke mogeleg å halda ungdom borte frå sosiale medium?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement