På nytt skremmer president Vladimir Putin med atomvåpen. No skal Russland stasjonera taktiske atomvåpen i Belarus. Det vert i så tilfelle fyrste gong sidan midten av 1990-åra at Russland vil ha atomvåpen utanfor eigne grenser.
Etter at president Lukasjenko i Belarus har stadfesta og støttar utplasseringa, er folket i Belarus på nytt gislar i Russlands maktpolitikk. Putins avgjerd og støtta frå Lukasjenko er sjølvsagt alvorleg og syner på nytt kva slags to regime vi har med å gjera.
Russland har alt sendt utskytingssystem for atomvåpen til Belarus. No skal Russland i gang med å trena opp militært personell til å handtera våpena. Lagera skal vera klare til juli. Kva tid atomvåpena vert frakta til Belarus, er enno uklart.
Kampen mot atomvåpen har vore eit av dei viktigaste politiske temaa i etterkrigstida. Diverre har kampen ikkje fått nok merksemd. Vi som var med på det store skipingsmøtet for Nei til atomvåpen i Oslo i 1980, kunne nok ikkje førestilt oss at Europa 40 år seinare skulle koma i ein situasjon der ei av stormaktene så eksplisitt trugar med atomvåpen.
Som ein tilleggsmerknad er det paradoksalt, no når faren for atomvåpenkrig på nytt er eit tema i Europa, at regjeringa i 2021 tok bort pengestøtta til organisasjonen Nei til atomvåpen, to månader før atommakta Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina.
Putins vedtak om atomvåpen til Belarus er eit framhald av avviklinga av det som måtte vera att av den gamle europeiske tryggingsordenen. Men Noreg, Vesten og Nato kan likevel ikkje gje etter for truslane frå Russland. Eit land kan ikkje underleggja seg statar ved å trua med masseøydeleggingsvåpen. Kva signal sender ein då til omverda? «Skaff dykk atomvåpen og få makt over nabolanda!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.