Åtak på demokratiet

Publisert

«Dette er ein svindel mot det amerikanske folket. (…) Ærleg tala så vann vi dette valet. Så målet vårt no er å sikra integriteten til beste for nasjonen. (…) Vi vil at lova skal nyttast på rett måte. Så vi går til høgsterett. Vi vil at all røysting skal stogga. Vi vil ikkje at dei skal finna nokre røystesetlar klokka fire om morgonen.»

Desse orda frå president Trump, frå talen han heldt på valnatta, har med rette skapt sterke reaksjonar. Talen kjem til å gå inn i historiebøkene som eit åtak på grunnprinsippa i demokratiet og i strid med amerikansk politisk tradisjon.

Dette skal altså den oppveksande generasjonen i USA høyra frå presidenten sin. Dei som kvar morgon på skulen reiser seg og lovar truskap til flagget, republikken og fridom og rettferd for alle. Dei skal altså oppleva at presidenten vil setja til sides vallovene i mange delstatar og sikra seg sigeren før alle røystene er talde. Trump er ikkje presidentembetet verdig.

Diverre ser rundt halvparten av det amerikanske folket det annleis. Rundt 25 delstatar vil halda på Trump som president i ein ny fireårsperiode. Frå ein europeisk synsstad – eller rettare: vesteuropeisk synsstad – er det vanskeleg å skjøna. Men så har dei fleste europeiske landa langt betre velferdsordningar enn USA.

Vi klarer ikkje heilt å ta inn over oss kor viktig økonomien er for amerikanske veljarar. Mange lever med små marginar og røystar difor på den dei trur vil handtera økonomien best. Der har Trump størst tillit. Dessutan er mistilliten til den politiske eliten stor i folket, og Washington vert sett på som korrupt. Trump, derimot, kjem utanfrå og går fri denne kritikken. Såleis vart altså valresultatet langt jamnare enn venta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement