Arkitektur som skaper vantrivnad
Ulf Andenæs har denne veka den siste av tre artiklar i serien om «arkitektur på villspor» i Dag og Tid. Serien hans er prega av kunnskap og eit forfriskande sterkt engasjement. Ja, sinne over det han omtalar som den brutale og modernistiske arkitekturen som har heimsøkt landet og landskapet vår dei siste 70 åra.
Denne arkitekturen, som kjøpesenteret midt i sentrum av Ørsta eller P-hotellet ved jarnbanestasjonen i Trondheim, har vore dominerande i tiår etter tiår for offentlege bygningar av alle slag. Resultatet er at mange gater eller område har mista det lokale særpreget og vorte omforma til ein stad som kunne vore kvar som helst i verda.
Det finst fine og vellukka modernistiske bygningar, men det er langt mellom dei. Det er difor trist å reisa rundt i landet vårt og sjå alle dei mange by- og bygdesentruma som har vorte utsette for dårleg arkitektur og manglande stadplanlegging – med massiv nedbygging av matjord for å få plass til store preglause bygningar omgjevne av enorme veganlegg og parkeringsplassar.
Merkeleg nok har altfor få lokalpolitikarar i by- og heradsstyra vore opptekne av å hindra denne utviklinga. Det er som om det store fleirtalet ikkje har skjøna kor viktig god og gjennomtenkt arkitektur og stadplanlegging er for at folk skal trivast i nærmiljøet.
Vonleg vil det store arkitekturopprøret som no går føre seg rundt om i landet, verta ein vekkjar. Alle lokalparti i by og bygd med respekt for seg sjølve bør no leggja fram konkrete planar og strategiar for betre arkitektur- og stadutvikling.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.