Som statsminister Erna Solberg gjorde i talen under valvaka, vil vi gratulera Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne med valet. Men vi vil leggja til Raudt, som no har fått gjennomslag som eit parti å rekna med.
Solberg heldt elles ein grei tale, men den beste hadde Trygve Slagsvold Vedum. Talen synte at det ikkje er tilfeldig at han har samla partiet og dobla oppslutnaden. Og for innsatsen mot fylkessamanslåingar og alle mogeleg reformer, medrekna politireforma, fortener han all ros.
Men fleire enn Senterpartiet kunne ha teke eigarskap til desse sakene. Kvifor Arbeidarpartiet heller valde gratis skulemat som ei av dei nasjonale kampsakene, er ikkje til å skjøna. Saka er ikkje viktig nok, folk klarer å smørja matpakkane sine sjølve.
Vi kan altså lita på Senterpartiet i distriktspolitikken, men kva med klimapolitikken? Der er det vanskeleg å sjå det same engasjementet og den heilskaplege politikken: ny ferjefri kyststamveg til 340 milliardar? Vi må ikkje få eit skilje mellom by og land i gjennomføringa av konkrete og berekraftige klimatiltak.
Framgangen til MDG bør ikkje får oss til å tru at kommunestyre- og fylkestingsvalet var dominert av miljøspørsmål. Men framgangen til MDG bør inspirera alle parti til å ta eigarskap og syna større ansvar i klimasaka. Kvart parti bør tydelegare få fram kva som er svara deira på klimautfordringane, og kva tiltak som er fornuftige i norsk samanheng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.