JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Alvorleg for rettsstaten

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1917
20180824
1917
20180824

Grove valdssaker vert liggjande på vent hos politiet i månadsvis, ja, i over over eit år. NRK har i sommar dokumentert alvorlege problem med gjennomføringa av politireforma. 11 av 12 distrikt har varsla om låg bemanning og saker som hopar seg opp. Det er stor mangel på etterforskarar og juristar til handsama kriminalsakene på ein god måte.

Ein trur knapt det er sant at den norske politietaten og rettsstaten skal slita på denne måten. Det er svært alvorleg at ein av grunnpilarane i eit godt og velfungerande samfunn – fridom frå kriminalitet – er utfordra så sterkt som dette. Vi er lærte opp til å tru at alle kriminalsaker av eit visst alvor vert prioriterte, og at politiet har nok ressursar til å syta for det. Det har dei ikkje i dag.

Fyrste steg for å få gjort noko med eit problem er å vedgå at eit har eit problem. Diverre startar problema alt her. Politidirektøren sa til NRK tidlegare i sommar at «det står bra til i Politi-Norge». Det er vanskeleg å skjøna at han kan vera rette person i stillinga som politidirektør.

Regjeringa fylgjer opp med å tona ned problema. Til NRK svarar Justis- og beredskapsdepartementet at gjennomføringa av reforma «byr på noen utfordringer», men at dei tek utfordringane «på største alvor».

«Byr på noen utfordringer.» Slik talar folk som vi tona ned problemet. Det vekkjer ikkje tillit. Ifylgje Politidirektoratet skal den positive effekten av den nye politireforma gjera seg gjeldande mellom 2018–2020. Så langt er det ingen grunn til å tru på det. Det positive er at riksadvokaten har skjøna problemet. Etter eit møte med politjuristane denne veka seier han at «det er en alvorlig situasjon som beskrives».

Skal opposisjonen på Stortinget setja søkjeljos på ei sak i haust, bør det vera denne. Frp, som sit med justisministeren på femte året, er for sin del i ferd med å melda seg ut som eit truverdig lov og orden-parti.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis