Afghanistan må fylgjast opp
Den viktigaste hendinga i norsk utanrikspolitikk i 2021 var at vi trekte oss ut av Afghanistan. Det var eit stort politisk nederlag, men likevel naudsynt. USA, Nato og Noregs krigføring i landet førte ingen stad og var eit feilgrep. Men etter å ha vore i Afghanistan og kriga i 20 år har vi no sjølvsagt eit medansvar for den alvorlege situasjonen som no er i landet, med ekstrem fattigdom og mange som flyktar.
For å kunne bidra etter beste evne med naudhjelp og bistand må vi godta at Afghanistan no er styrt av Taliban. Difor bør vi vera til stades i landet og ikkje berre gje bistand gjennom frivillige og internasjonale organisasjonar. Direkte kontakt med Taliban-regimet er naudsynt for kunne bidra mest mogeleg positivt.
Ei interessant utvikling, som Cecilie Hellestveit er inne på i ein kommentar i dagens avis, er at Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) med 57 medlemsland og ein av dei største mellomstatlege organisasjonane i verda, no har stilt krav til Taliban om å etterleva internasjonale traktatar om menneskerettar.
Mange av desse medlemslanda, som Iran, Saudi-Arabia, Syria og Qatar, har ikkje truverd når det gjeld oppfølging av dei same pliktene i eige land. Og OIC-erklæringa om menneskerettar er spegla av kva plass islam skal ha i samfunnet.
Men likevel, fordi det er islamske land som stiller visse krav til Taliban, har dette interesse. For krava kan ikkje avvisast av Taliban som vestleg kulturimperialisme. Det gjev dessutan von om at dei islamske landa sjølve tek eit større ansvar for ei positiv utvikling i Afghanistan. Truleg har dei betre sjansar for å lukkast på eitt eller anna vis enn det USA, Nato og Noreg hadde. Og nokre av OIC-landa har meir enn nok pengar til å kunne bidra med bistand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.