Acer og norsk kraft
Ei av dei viktigaste sakene i Høgsterett på lenge er no oppe til avgjersle.
Acer-søksmålet er oppe til avgjerdsle i Høgsterett.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Ei av dei viktigaste sakene i Høgsterett på lenge, men som på grunn av lokalvalet har fått lite merksemd, er no oppe til avgjersle. Spørsmålet Høgsterett skal ta stilling til, er om Stortingets vedtak i 2018 om norsk medlemskap i Acer – EUs energibyrå – gjorde at Noreg gav frå seg så mykje suverenitet at Grunnlova krev tre firedels fleirtal. I så tilfelle vil ikkje vedtaket vera gyldige, sidan det vart gjort med eit simpelt fleirtal.
Problemet med medlemskapen i Acer er at EU ikkje ville gje Noreg og Efta-landa røysterett og fullt medlemskap, slik at ein kunne definert Acer som eit felles EØS-organ. For Grunnlova er tydeleg på at ein ikkje utan vidare kan overføra mynde til internasjonale organisasjonar der vi ikkje er fullverdige medlemer. Ei slik overføring krev tre firedels fleirtal.
Då saka var oppe i lagmannsretten, meinte retten at overføringa av mynde til Acer galdt eit avgrensa saksområde med eit avgrensa omfang. Og at «selv om energiområdet berører sentrale samfunnsmessige og politiske interesser, kan ikke lagmannsretten se at denne konkrete myndighetsoverføringen påvirker disse i særlig grad». Nei til EU anka avgjersla til Høgsterett.
Men det er omstridt kor mykje faktisk råderett Noreg mistar som fylgje av Acer, og kva konsekvensar regelverket og fullmaktene til Acer får for handelen med norsk kraft og kravet om fri flyt av straum i ein felles europeisk kraftmarknad.
Har medlemskapen i Acer teke frå oss fridomen til regulera vår eigen energimarknad? Og vil Acer få utvida fullmakter i framtida? Rolla vasskrafta har hatt og har for Noreg, kan knapt overdrivast. Difor er det viktig at saka no vert handsama av Høgsterett.
Skulle Høgsterett gje Nei til EU medhald, vil det kunna opna ein debatt om tilhøvet vårt til EU og aktualisera eit stadig meir påtrengjande spørsmål: Er måten vi har organisert tilhøvet vårt til EU på, demokratisk forsvarleg?
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.