Aasmund Olavsson VinjeI år er det 200 sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, 6. april 1818. Jubileet skal feirast med arrangement over heile landet gjennom heile året, og med to store markeringar i Vinje i april og i Oslo i oktober.

Publisert

I år er det 200 sidan Aasmund Olavsson Vinje vart fødd, 6. april 1818. Jubileet skal feirast med arrangement over heile landet gjennom heile året, og med to store markeringar i Vinje i april og i Oslo i oktober.

For ei lukke det var for Ivar Aasen at han fekk ein mann som Vinje til å ta i bruk landsmålet. Vinje levandegjorde språket på ein måte som ingen andre kunne gjort, i essay, artiklar, kommentarar, bøker og dikt.

Med livsprosjektet sitt, vekebladet Dølen, vart han sentral i utviklinga av norsk journalistikk. Høgdepunktet i Dølen, Ferdaminni frå sumaren 1860, bør lesast av alle. Reiseskildringa er ein kritisk, morosam og mang-
slungen studie av det norske bondesamfunnet, skriven av ein moderne tenkjar med eit tydeleg sosialt engasjement.

I dag er det dikta til Vinje som står sterkast. I dikta finn han gong etter gong dei rette orda, og han har ei kjensle ikkje berre for språket, men òg for mennesket og livet i det heile. Aasen fekk rett då han skreiv i minnediktet til Vinje: «Eit annat minne er hans song, som vidt ikring vil finnast; og millom folket mang ein gong vil namnet Vinje minnast.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement