Musikk
Kveikjer fantasien
Operahuset La Scala er meir enn berre ei oppleving for øyro.

Det er ein draum for operainteresserte: ein laurdagskveld i eit av verdas absolutt leiande operahus med ein av verdas absolutt leiande operatenorar i hovudrolla. Milanos Teatro alla Scala, som kort blir kalla La Scala, opna dørene i 1778 og er dimed eit av dei eldste operahusa i verda. Namnet er mest synonymt med italiensk opera, for lista over komponistar som urframførte verka sine her, er lang: Rossini, Bellini, Donizetti, Verdi og Puccini – alle desse operakoryfeane feira urpremierar på La Scala.
Men å vitja operahuset er ikkje berre ei oppleving for øyro. Den nyklassisistiske bygningen ser nøktern ut utanfrå, men inni skin det intenst av forgylt stukkaturarbeid og blodraude, gullbroderte veggteppe. Salen har seks etasjar med losjar, i tillegg til eit publikumsgalleri på toppen.
Det har ein heilt eigen dåm, dette operahuset, som kveikjer fantasien. Korleis må det ikkje ha arta seg her på 1800-talet, den gongen La Scala hadde privateigde losjar og kasino i foajeen og var hovudmøteplassen for Milanos eksklusive sosietet?