Kuriøs klanglegering

Ein annan interessant plateserie som trufast kjem med nye CD-ar kvart år, er «The Vivaldi Edition» på det franske selskapet Nalve. Med dette nye kantatealbumet med den franske alten Delphine Galou og det ypparlege italienske tidlegmusikkensemblet Accademia Bizantina nærmar dei seg nummer 50 i rekkja.
Galous uvanleg mørke og varme røyst høver perfekt til Antoni Vivaldis ariar, som eigentleg blei skrivne for kastratsongarar, altså mannlege altar som etter kastreringa i barndomen aldri nådde stemmeskiftet. Somme av dei verdslege kantatane er ikkje ukjende for Vivaldi-fans, som den dramatiske Cessate, omai cessate, RV 684.
Men heilt ukjende einskildsatsar frå operaar er òg med, mellom anna frå Tito Manilo (1719), der den herlege blandinga av blokkfløyte og strykarar skapar ei makelaust mjuk klanglegering.