Yoga
Skulderståande posisjon gjort av skodespelaren Olivia De Havilland på eit hotellrom i 1958. Stillinga skal roe ned hjernen og minske stress.
Foto: AP / NTB scanpix
Berre i mitt liv har yogaen endra seg mykje. Sjølve øvingane er ganske like, men kva folk flest tenker om yoga, er ikkje som før. Eg hugsar me hadde fått ein ny nabo frå byen. Ho hadde massasjebenk, dyrka urter og arrangerte yogatimar. Her deltok eg og familien min på vår aller fyrste yogatime. Me skulle sitte i ring, halde hender og kjenne etter. Etter sekvensen spurde yogalæraren om me hadde nokre indre oppdagingar. Far min kjende ingenting, sa han.
Frå å vere noko spirituelt og ukristeleg er yogaen nå tilgjengeleg for dei fleste. Vi gjer yoga, eller praktiserer, som det eigentleg heiter, på vanlege treningssenter, i eigne yogastudio, heime og til og med i kyrkjer. Nokre stader er det også ein del av skuleundervisninga.
Yoga stammar frå hinduismen og skil seg frå annan sport ved at mykje av jobben skal skje innover, ein skal oppnå mental kontroll. Når ein gjer solhelsinga, som er ein fast serie av posisjonar, skal ein også puste inn og ut på dei rette stadene. Her treng nybegynnaren hjelp av instruktøren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.