Ord om språk

Vreid ordvridar

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Både høgrevridne og venstrevridne folk kan finna på å vrida seg unna tillitsverv. Kan henda er dei meir huga på å sitja på hytta og spela vridåttar eller sjå vinden ruska i krokete og vridne bjørker. Andre tek på seg altfor mange verv og kjenner seg som ein oppvriden klut til slutt. Men heller det enn å liggja og vrida seg i smerte.

Me veit ikkje for visst kvar verbet vrida (el. vri) kjem frå, endå lærde folk har vride hjernen og prøvt å nysta opp trådane. Eit framlegg er at ordet kjem av ei indoeuropeisk rot som tyder ‘snu, venda’, som òg har gjeve oss ord som verpa (eig. ‘kasta’), verta, vrinska og -vortes (som i innvortes ‘innvendig’).

I norrønt hadde ikkje vrida nokon v fremst, og i landsmålet til Aasen kan ein velja mellom formene rida og vrida (akkurat som rang og vrang, rengja og vrengja). Både i norrønt og i målføra har verbet hatt tydinga ‘binda, knyta’ i tillegg til ‘snu, svinga noko so det skifter stilling’. Ordlaget «rida i hop» tyder ‘draga saman, knyta til’.

Dei som steller med den offisielle nynorsken, har gjort ein interessant vri i normeringa av vrid-orda. Me kan velja mellom vrida og vri (og ymse bøyingar) og mellom skrivemåtane vridbar og vridåttar på den eine sida og vribar og vriåttar på den andre. Men adjektivet vrien (‘innfløkt; umedgjerleg’) må skrivast på den måten (ikkje vriden), og substantivet vri («ein ny vri») kan ikkje lenger skrivast vrid. Men i vridar (t.d. dørvridar, ordvridar) skal det vera d.

Truleg er det gjort slik fordi folk stort sett skriv vrien og vri, so me treng radt ikkje verta vreide fordi d-en er stroken. Vreid heng i hop med vrida og viser truleg til det forvridne andletet folk plar få når vreiden tek dei. Det ser ut til at vrikka òg høyrer til denne ætta. Kan henda gjer kroppsdelsnamnet rist (bokmål vrist) det òg. Namnet viser vel til at rista er «den som kan bøyast, dreiast».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement