Vovne vaflarKroppen har mange vevstypar, som bindevev (t.d. beinvev og feittvev) og muskelvev. Slikt vev er ikkje vove på vanleg vis, og det er lite tenleg å breia muskelvevet utover golvet og nytta det som teppe. Då er det betre å nytta musklane til å kli
Kroppen har mange vevstypar, som bindevev (t.d. beinvev og feittvev) og muskelvev. Slikt vev er ikkje vove på vanleg vis, og det er lite tenleg å breia muskelvevet utover golvet og nytta det som teppe. Då er det betre å nytta musklane til å klippa opp klutar og veva filleryar. Nokre vevslag dukkar opp utan at me lyfter ein finger, til dømes kingelveven, som òg vert kalla kongrovev, spindelvev, vevkjerringvev, vevkonevev og dilikt. Men kven er det som steller med lagnadsveven?
Veving er ei eldgamal verksemd, og i utgangspunktet er det heile handfast og greitt: Me lagar tekstilar gjennom å binda i hop to trådsett som kryssar einannan. Eller som det står i Nynorskordboka: Å veva er å «få renning (varp) og innslag (veft) i ein vev til å slyngje seg saman til ty». Teknikkane ymsar noko, og ordet vevnad har mellom anna vore nytta i tydinga ‘måte å veva på’: «Kva slags vevnad brukar du?»
Det nedervde verbet veva (norr. vefa) finn me att i ei rad germanske mål, som tysk weben (jf. òg Weber ‘vevar’) og engelsk weave (jf. òg web ‘vev; symjehud’). Substantiva vev og veft er avleidde av veva, og so skal me ikkje gløyma vaffel. Dette ordet har kome til oss gjennom lågtysk, og det tyder opphavleg ‘kake som liknar vokskaka til biene’. Vaffel er truleg avleitt av (ein føregjengar til) tysk Wabe (‘vokskake’), som er i ætt med verbet weben (‘veva’).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.