JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Vovne vaflar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2365
20180928
2365
20180928

Kroppen har mange vevstypar, som bindevev (t.d. beinvev og feittvev) og muskelvev. Slikt vev er ikkje vove på vanleg vis, og det er lite tenleg å breia muskelvevet utover golvet og nytta det som teppe. Då er det betre å nytta musklane til å klippa opp klutar og veva filleryar. Nokre vevslag dukkar opp utan at me lyfter ein finger, til dømes kingelveven, som òg vert kalla kongrovev, spindelvev, vevkjerringvev, vevkonevev og dilikt. Men kven er det som steller med lagnadsveven?

Veving er ei eldgamal verksemd, og i utgangspunktet er det heile handfast og greitt: Me lagar tekstilar gjennom å binda i hop to trådsett som kryssar einannan. Eller som det står i Nynorskordboka: Å veva er å «få renning (varp) og innslag (veft) i ein vev til å slyngje seg saman til ty». Teknikkane ymsar noko, og ordet vevnad har mellom anna vore nytta i tydinga ‘måte å veva på’: «Kva slags vevnad brukar du?»

Det nedervde verbet veva (norr. vefa) finn me att i ei rad germanske mål, som tysk weben (jf. òg Weber ‘vevar’) og engelsk weave (jf. òg web ‘vev; symjehud’). Substantiva vev og veft er avleidde av veva, og so skal me ikkje gløyma vaffel. Dette ordet har kome til oss gjennom lågtysk, og det tyder opphavleg ‘kake som liknar vokskaka til biene’. Vaffel er truleg avleitt av (ein føregjengar til) tysk Wabe (‘vokskake’), som er i ætt med verbet weben (‘veva’).

Når me vev, fører me ulike einingar i hop til ein stor, samanhengande heilskap. Ut frå denne kunnskapen om bokstavleg veving kan me tala om biletleg veving i ulike former. Då nyttar me vev og veva til å skildra meir uhandgripelege saker, til dømes livet sjølv: «Eit menneskeliv er ein vev, voven av ukjende hender» (Olav H. Hauge: «Hendene vev»). Me har òg ordlaget «livsens vev». Det hender elles at me nyttar veva i tydinga ‘vasa, rota saman; blanda inn’: «Taumane vov seg inn i krattet.» «Dei vart innvovne i ein beisk strid.» Mest vev er det nok på verdsveven: Der kan du veva i hop (dikta opp) skrøner eller sitja og veva (prata tull) til du går i golvet og vev (tøver, fantaserer) i ørska. Det skal visst òg vera mykje pølsevev der ute. Då er vev nytta i tydinga ‘tull, tøv’. Pølsevev svarar soleis til pølsesnakk, og tanken er vel at slikt prat er like blanda og usamanhengande som fyllet i ei pølse.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis